Arrangement
statistikk og analyse

Tal som tel: Kva skjer når rike land kuttar i bistand?

Tid: 13.05.2025

På Tall som teller presenterer Norad den offisielle bistandsstatistikken for 2024.

Dato: Tysdag 13. mai 2025
Tid:  kl. 09.00-10.30
Stad: Litteraturhuset, Wergelandsveien 29, Oslo

Klikk her for å melda deg på arrangementet 

Ny statistikk og analyse av bistandskutta 

Verda er prega av stor økonomisk usikkerheit, vi opplever fleire krigar og konfliktar enn på lenge, og dei humanitære behova er enorme. Samtstundes kuttar ei rekke rike land i bistandsbudsjetta sine. Ikkje minst rammar USA sin bistandsfrys verdas fattigaste hardt. Korleis ser trendane i norsk og internasjonal bistand ut, og kva blir konsekvensane av bistandskutta? 

På Tall som teller presenterer Norad den offisielle bistandsstatistikken for 2024. Vi lanserer ein rapport med ferske tal og hovudtrendar i norsk og internasjonal bistand. I tillegg gir vi ein heilskapleg analyse av bistandskutta vi no ser frå ei rekke vestlege land. Kva land og sektorar verdt hardast råka av kutta? Og kva betyr dette for det multilaterale bistandssystemet?  

Utviklingsminister Åsmund Aukrust (Ap), Norad-direktør Bård Vegar Solhjell, statistikksjef Katrine Heggedal, Lindis Hurum i Leger uten grenser, forskar ved NUPI, Ole Jacob Sending og Nilima Gulrajani, seniorforskar ved Overseas Development Institute (ODI), er blant dei som vil stå på scena for å presentere og kommentere tala.   

Publisert 07.02.2025
Publisert 07.02.2025
Oppdatert 07.02.2025
Oppdatert 07.02.2025
OSZAR »